Planfagleg bistand til områderegulering for flaumsikring av Lærdalsøyri
openLærdal kommune · 954681890
Read the notice at doffin-no ↗
Description
Bakgrunn Lærdalsøyri er kommunesenteret i Lærdal kommune, og er utsett for flaum frå Lærdalselvi. Lærdal kommune skal i samarbeid med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida ein områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Lærdal kommune er oppdragsgjevar og ansvarleg for utarbeiding av reguleringsplanen. Multiconsult har på oppdrag frå NVE utarbeidd ein moglegheitsstudie for heilskapleg sikring av Lærdalsøyri mot flaumhendingar i Lærdalselvi. Studien viser at det er mogleg å sikra Lærdalsøyri mot flaum, men at dette krev omfattande tiltak på begge sider av elva over eit større geografisk område. Tiltaka må planavklarast før dei kan prosjekterast og gjennomførast. Det aktuelle planarbeidet omfattar ikkje berre sjølve sikringstiltaka, men også areal som er nødvendige for tilkomst, bygging, rigg, drift, tilsyn og framtidig vedlikehald. Planarbeidet må ta omsyn til eksisterande busetnad, næringsverksemd, landbruk, infrastruktur, landskap, naturverdiar, kulturmiljø og andre interesser innanfor og i nærleiken av planområdet. Det er utarbeidd eit planprogram for områdereguleringa. Planprogrammet var på høyring og offentleg ettersyn i perioden 22.10.-21.12.2025, og blei fastsett av kommunestyret 10. september 2026. Det fastsette planprogrammet legg føringar for planprosessen, medverknaden, alternativa som skal vurderast og konsekvensutgreiast samt utgreiingsarbeidet som skal gjennomførast. Planarbeidet skal gjennomførast i nært samarbeid mellom Lærdal kommune, NVE, leverandøren og andre relevante styresmakter og interessentar. Føremålet med oppdraget Føremålet med oppdraget er å få fagleg bistand til å utarbeida ein komplett områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Områdereguleringsplanen skal: Avklara arealbruken for aktuelle flaumsikringstiltak Sikra nødvendig areal for etablering, tilkomst, bygging, rigg, drift og vedlikehald av tiltaka Avklara forholdet til eksisterande og planlagd arealbruk Vurdera verknadene av tiltaka for miljø og samfunn Gi eit tilstrekkeleg grunnlag for vidare detaljprosjektering og gjennomføring Bidra til ein føreseieleg og etterprøvbar planprosess Legga til rette for medverknad med grunneigarar, innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og offentlege styresmakter Leverandøren skal sikra fagleg samordning mellom dei ulike delane av planarbeidet. Det skal vera tydeleg og dokumenterbart samsvar mellom fagutgreiingane, konsekvensutgreiinga, risiko- og sårbarheitsanalysen, plankartet, reguleringsføresegnene og planomtalen. NVE jobbar parallelt med forprosjektet, og det er forventa at leverandøren samarbeider tett med NVE for å sikra samsvar mellom kommunen og NVE sine planarbeid.
Key facts
- Reference
- cmv7t3pss000006jtbkvdm9zk
- Procedure
- Åpen
- Lots
- 1
- Contact
- Lærdal kommuneniklas.aarnio@laerdal.kommune.no47881259
- Regime
- foa
- Category
- Tjenester
What a subscription adds to this notice
- The documents — every attachment, with its text extracted and searchable
- Qualification — the notice scored against your company profile
- Tracking and alerts — a pipeline for your bids, and the matching notices by email
- Calendar export — the deadline as a calendar file
- The API and MCP — the same record in your own tools and your AI assistant
Provenance
- Source
- doffin-no
- Notice id
- 2026-116178
- First seen
- 19 Oct 2026
- Last updated
- 19 Oct 2026
Licence CC BY 4.0 ↗
Kilde: Doffin / Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).
GET /api/v1/tenders/f9a9501a-45a3-4b55-b6f6-8dcfae547791The source notice is authoritative — verify deadlines and documents there before bidding.